Set opp kraftprisen

Frå og med 23. september 2022 set styret i Årdal Kraftlag opp kraftprisen til 200 øre/kWh for husholdning og fritidskundar. Prisen inkluderer el-sertifikat og MVA.

Regjeringen sin kompensasjonsordning for høge straumprisar skal dekke meirutgifter for husholdningskundar ved veldig høge straumprisar. Pr i dag får ein dekt 80% av gjennomsnittsprisen for månaden som overstiger 70 øre/kWh (uten MVA). Frå september vert støtten auka til 90%. Dette skal kome alle husholdningskundar til gode, uavhengig av kva kraftavtale ein har.

Bakgrunn for justering av kraftpris skuldast denne kompensasjonsordninga, som er lite tilpassa Årdal Kraftlag sin prismodell med sal av konsesjonskraft til standard variabel pris. Då kompensasjonen overstig vår pris, blir våre kundar «belønna» for å bruka straum i ei tid med energikrise. I store deler av Norge og Europa medfører energikrisa til at privatpersonar slit og bedrifter må vurdere å redusere produksjon eller avvikla.

 Årdal Kraftlag kan ikkje legge til rette for auka forbruk gjennom sin prismodell. Årdal Kraftlag vil justere kraftpris i takt med endringar i marknaden.

Jan Stian Smedegård