Kraftavtalar for næring frå 1. januar 2027

Frå 1. januar 2027 kan du som næringskunde velje mellom Spotpris Næring og Fastpris Næring. Du blir flytta til spotpris automatisk.

Frå same dato tilbyr me to kraftavtalar for næring:

  • Spotpris Næring: Prisen følgjer marknaden time for time. Alle næringskundar blir flytta hit automatisk.

  • Fastpris Næring: Du betaler same pris per kWh i heile avtaleperioden. Det blir opna for bestilling i midten av desember, og avtalen gjeld frå oppstart og ut 2027. Meir informasjon om bestilling av dette produktet kjem.

Spotpris eller fastpris?

Samanlikning Spotpris Næring Fastpris Næring
Pris Følgjer marknadsprisen i NO5 time for time + 1 øre/kWh ekskl. mva. for elsertifikat 50 øre/kWh i heile avtaleperioden + 1 øre/kWh ekskl. mva. for elsertifikat
Bindingstid Løpande avtale Ut kalendaråret 2027
Fordel Du får låg pris når marknaden er låg, og kan flytte forbruk til billige timar Du veit kva straumen kostar, og blir ikkje ramma av pristoppar
Ulempe Prisen kan vere høg lenge, og stige mykje i periodar, til dømes om vinteren Du får ikkje glede av periodar med låge prisar
Passar for Verksemder som kan styre forbruket, eller som tåler svingingar Verksemder som treng føreseielege kostnader og budsjett
Slik får du det Automatisk frå 1. januar Bestilling opnar frå midten av desember. Meir info kjem.

Kva som passar best, avheng av korleis verksemda brukar straum og kor viktig det er med føreseielege kostnader.

Har verksemda fleire målepunkt?

Har verksemda fleire målepunkt, kan de inngå ein kraftkontrakt og Årdal Kraftlag kan bistå med prisendring på alle målepunkta for dykk fram til 10. januar 2027.

Ta kontakt med oss på post@ardal-kraftlag.no.

Frå 10. januar 2027 blir det obligatorisk med stadfesting av straumavtaler for næringskundar

Når ein straumavtale skal stadfestast, må personen som gjer dette ha riktig tilgang til verksemda i Altinn:

  • tilgangspakken «Elektrisitet - produsere overføre og distribuere», eller

  • enkelttjenesten «Elhub».

Dagleg leiar, styrets leiar eller hovudadministrator kan gje andre personar naudsynt tilgang i Altinn. Det finst ikkje API for å sjekke kven som eventuelt har blitt delegert denne tilgangen i Altinn for eit gitt selskap, så dette må organisasjonen sjølv ha kontroll på.

Spørsmål og svar

1. Om endringa

2. Spotpris Næring

3. Fastpris Næring

4. Mange målepunkt

5. Solcelle, Norgespris og anna