Alt du treng å vita om Norgespris

Stortinget har innført Norgespris, ei statleg ordning som skal gje hushaldningar og hytteeigarar ein fast pris på kraft. Ordninga tredde i kraft 1. oktober 2025.

Kva er Norgespris?

Tenk på det som ei prissikring. Med Norgespris får du ein fast kraftpris på 50 øre/kWh (inkl. mva) heile året, time for time, uavhengig av marknadsprisen.

Dette gjeld:

  • Forbruk opptil 5 000 kWh per månad i bustad

  • Forbruk opptil 1 000 kWh per månad i fritidsbustad

Forbruk over desse grensene blir fakturert til vanleg spotpris

 Binding og varigheit:

  • Du kan bestilla Norgespris når som helst. Du binder deg ut kalenderåret 2026.

  • Avtalen gjeld til 31. desember 2026

  • Det er 14 dagars angrerett

  • Prisen skal justerast ein gong i året

Du treng ikkje byta kraftleverandør

Norgespris blir administrert av nettselskapa, og fungerer parallelt med kraftavtalen du allereie har.

Har du ikkje moglegheit til å bestille digitalt? Kontakt nettselskapet ditt.

Hjå Årdal Kraftlag får du både straum og nettleige på same faktura (gjennomfakturering). Det betyr at eventuell støtte frå staten blir trekt automatisk, og du slepp å tenkje på refusjon eller dobbelbetaling.

Slik bestiller du

Du må aktivt bestille Norgespris ved å logge deg inn på Elhub.no.

Spørsmål og svar