Kva kan me hjelpa med?
Få full oversikt på «Min side»
Logg inn på min side for å sjå forbruk, faktura og avtaleinformasjon, og få svar på det meste av det du måtte lure på. Den som straumavtalen er registrert på kan logga inn via mobil eller BankID.
På min side kan du:
Sjå fakturaoversikt
Sjå fakturaforklaring
Sjå forbruksoversikt
Sjå kostnadsoversikt
Sjå produktoversikt
Melde flytting
MERK! Årdal Kraftlag gjekk over til nytt system frå 1. oktober 2025.
Spørsmål og svar
Kraft og nettleige
-
Kraftselskap sel straum til kundar og kan vere både produsent av kraft eller ein aktør som kjøper og sel kraft.
Nettselskap eig og driftar straumnettet. Du kan ikkje velje nettselskap sjølv, og selskapa er strengt regulerte av styresmaktene. Straumnett AS er nettselskapet i Årdal kommune. -
Årdal Kraftlag tilbyr spotprisavtale. Avtalen gjeld berre for kundar med forbruksadresse i Årdal kommune. Målepunktet må liggje innanfor kommunegrensa, og avtalen kan ikkje nyttast på adresser utanfor Årdal.
-
Spotpris er marknadsprisen på straum, og blir fastsett time for time på straumbørsen Nord Pool. Prisen varierer gjennom døgnet og frå dag til dag, avhengig av mellom anna vêr, tilgjenge på kraft og kor mykje straum som blir brukt. Med spotpris betaler du den faktiske marknadsprisen for straumen.
-
Norgespris er ei statleg støtteordning som gir deg ein fast straumpris.
Du betaler aldri meir enn 50 øre/kWh inkl. mva., men heller aldri mindre
Ordninga gjeld for dei første 5 000 kWh per månad (1 000 kWh for fritidsbustader)
Norgespris blir handtert på nettleigedelen av straumrekninga
Alle private straumkundar kan velje Norgespris, uavhengig av straumleverandør.
Her er alt du treng vita om Norgespris.
-
Nei, det er inga bindingstid.
-
Nei, me har verken fastbeløp eller fakturagebyr. Lovpålagde kostnader knytte til elsertifikat er inkluderte i påslaget. Ordninga bidreg til å finansiere kraft produsert frå fornybare energikjelder.
-
Du finn avtalevilkår og angrerettsskjema på bestillingssida vår:
https://www.ardal-kraftlag.no/bestill-kraft
-
Du finn oversikt over forbruket ditt på Min side.
På fakturaen ser du òg forbruket ditt, inkludert ein graf som viser forbruket månad for månad og samanliknar med same periode året før. -
I følgje Statistisk sentralbyrå (SSB), basert på tal frå 2024, er gjennomsnittleg straumforbruk i norske hushald om lag 14 700 kWh per år. Forbruket varierer mykje mellom bustadtypar. Einebustader og våningshus brukar mest straum, medan blokkleilegheiter ligg lågast. Over tid har straum fått ein større del av energibruken i hushalda, mellom anna som følgje av meir bruk av varmepumper og elektrisk oppvarming.
-
Fakturaen består av ein kraftdel og ein nettdel. Nettselskapet Straumnett har avtale om gjennomfakturering med Årdal Kraftlag AS. Det betyr at du berre får éin faktura, som inneheld både kraftforbruk, nettleige og avgifter.
-
Her kan du lesa meir om korleis du kan ettergå faktura eller finna ut meir om straumrekninga di.
-
Straumprisen blir fastsett time for time på straumbørsen Nord Pool. For kvar time blir forbruket ditt multiplisert med prisen den timen. Når dette blir samla på fakturaen, blir det rekna ut ein snittpris for heile perioden, basert på alle timeprisane og forbruket ditt.
-
eFaktura er ein digital faktura som kjem rett inn i nettbanken din. Der kan du sjå fakturaen, kontrollera beløpet og betala utan å leggja inn KID eller kontonummer.
eFaktura er ikkje det same som faktura på e-post.AvtaleGiro er ei ordning der fakturaen blir betalt automatisk frå kontoen din på forfallsdato. Dette er ein avtale mellom deg og banken din. Du kan bruke eFaktura og AvtaleGiro kvar for seg eller saman. Mange vel å kombinera dei, då får du eFaktura for oversikt, og AvtaleGiro for automatisk betaling.
-
AvtaleGiro er ein avtale mellom deg og banken din. Du kan bestille AvtaleGiro på fleire måtar:
Direkte i banken
Logg inn i nettbanken din og bestill AvtaleGiro der.Via avtalegiro.no
Logg inn på avtalegiro.no og bestill AvtaleGiro der.Med AvtaleGiro-skjema
Treng du skjema for bestilling per post, kan du ta kontakt med kundeservice . Me hjelper deg gjerne.
-
Du bestiller eFaktura i nettbanken din.
Start med å aktivere JTTA – Ja takk til alle i nettbanken.
Gå deretter inn på Min side og vel eFaktura.
Er du ny kunde, kan du velje eFaktura direkte når du bestiller avtalen.
-
Dersom du har valt Norgespris, blir ordninga vist på nettleigedelen av fakturaen, ikkje under straumavtalen. Der skal det stå Norgespris husholdning.
Norgespris blir vist som ei justering, dvs. fråtrekk når spotprisen er høgare enn 50 øre/kWh, og tillegg når spotprisen er lågare enn 50 øre/kWh.
Faktura
-
Det er fort gjort å bestille kraft hjå oss. Vår kraftavtalar gjeld berre for kundar i Årdal kommune.
-
Ja. Du treng ikkje å seie opp avtalen hjå den tidlegare straumleverandøren din sjølv. Når du vel ein ny straumavtale, tek den nye leverandøren seg av alt det praktiske, også oppseiinga av den gamle avtalen. Alt du treng å gjera, er å bestille ny straumavtale, så ordnar me resten.
-
Ja. Dersom du har straumavtale hjå oss og flyttar, må du seie opp avtalen på adressa du flyttar frå. Dette gjer du enkelt på Min side. Der kan du òg registrere ny adresse.
-
Nei. Du skal ikkje stengje straumen, men melde flytting. Dersom du flyttar til ny bustad i Årdal kommune, må du både seie opp avtalen på gamal adresse og registrere ny adresse på Min side.
-
Bestilling og flytting
Andre spørsmål
-
Når du loggar deg inn har du to val.
Du kan skrive inn mobilnummeret ditt og få en kode på SMS. Merk at telefonnummeret må vera den som er registrert på kundeforhaldet.
Du kan logga inn med BankID.
-
Du kan ta kontakt kundesenter på telefon, 57648600 eller ved å senda epost til post@ardal-kraftlag.no.
-
Dersom du ønskjer at ein annan person skal kunna kontakte kundeservice på dine vegner, eller du skal hjelpe eit familiemedlem med bestilling eller andre forhold knytt til kundeforholdet, treng me ei fullmakt.
Fullmakta blir lagra på kundeforholdet ditt. Då kan den du har gitt fullmakt til, få hjelp kvar gong vedkomande tek kontakt med oss.
Me har eige fullmaktskjema som du kan fylle ut og sende til oss på e-post eller levere til oss:
E-post: post@ardal-kraftlag.no
Adresse: Utladalsvegen 2, 6884 Øvre Årdal