Set opp kraftprisen

Frå og med 1. januar 2023, justerer Årdal Kraftlag AS prisen til 200 øre/kWh for husholdning og fritidskundar. Prisen inkluderer el-sertifikat og MVA.

I 2022 har straumprisane i vårt prisområde NO5 vore historisk høge, og prognosane for vinteren viser også eit høgt prisnivå.

Gjennomsnittspris i vårt prisområde har pr. november vore 232,44 øre/kWh, medan Årdal Kraftlag AS sin gjennomsnittspris for same periode har vore 89,9 øre/kWh. Støttesatsen har gjennomsnittleg vore på 120,42 øre/kWh.

Eksempel frå eit bustadhus i Årdal Kommune med 4 personar i husholdningen:

Denne husstanden har i perioden januar – oktober betalt kr 14 113,- i nettleige og kr 17 568,- for kraft. Dette utgjer til saman kr 31 681,-. For same perioden har denne familien motteke kr 23 344,- i straumstøtte og har dermed kun betalt kr 8 337,- for nett og kraft hittil i 2022. Dette er ein stor nedgang frå tidlegare år, og mange kundar har tilsvarande reknestykke.

For å dekke det samla behovet til våre privat- og bedriftskundar, må Årdal Kraftlag AS handle kraft til spotpris  gjennom året, då mengde konsesjonskraft ikkje dekker heile forbruket. Samstundes fordrar kompensasjonsordningen til lite fokus på redusert forbruk. I dag får husholdningskundar dekka 90% av gjennomsnittsprisen for månaden som overstiger 70 øre/kWh for eit forbruk opp til 5000 kWh.

I samsvar med prisopplysningsforskriften, har no våre kundar krav på 30 dagars varsel om prisendring. Med standard variabel pris som er vårt produkt, kan prisen endra seg mange gonger i varslingsperioden.

Andre kjelder:

Midlertidig lov om stønad til husholdninger som følge av ekstraordinære strømutgifter; Strømstønadsloven

Forskrift om prisopplysninger for varer og tenester: Prisopplysningsloven

Strømpris.no

NordPool

Jan Stian Smedegård