Slik kan du ettergå fakturaen din

Her kan du ettergå faktura ved å;

  1. Trykk på forbruksoversikt, som vist på bilete.

  2. Her kan du sjå prisar og forbruk basert på dag, veke, månad m.m. Du kan velje å få forbruket presentert via graf eller tabell, og du kan transportere og laste ned datagrunnlaget til excel.

Vår faktura består av ein kraftdel og ein nettdel;

Nettselskapet Straumnett har avtale om gjennomfakturering med Årdal Kraftlag AS. Det betyr at kundane i Årdal Kraftlag kun får éin faktura som inneheld både kraftforbruk, nettleige og avgifter.

Kraft er altså kraftforbruket (mengde) for den aktuelle perioden, og er den delen du blir fakturert frå Årdal Kraftlag.

For å ettergå og forstå fakturabeløpet basert på informasjonen på faktura, kan du sjølv rekne deg fram til fakturabeløpet på kraftforbruket.

Sjå felt markert i gult i faktura-biletet.

Døme: 1392,98 kWh * 39,00 øre/kWh  = kr 543,2622. Dette vert avrunda til kr 543,26.

Energiledd, kapasitetsledd og midlertidig strømstønad er den delen du blir fakturert frå nettselskapet.

Energiledd er prisa etter kraftforbruk (mengde), men prisane vert sett etter kva tid på døgnet krafta vert nytta. (dag eller natt).

Kapasitetsledd er eit månadleg beløp basert på kor mykje straum du brukar samtidig. Kapasitetsleddet vert rekna ut frå gjennomsnittet av dei tre timane med høgast forbruk i månaden, og dannar grunnlaget for kva kapasitetstrinn du hamnar i.