Her er det du treng å vita om Norgespris
Norgespris er ei ny nasjonal straumordning med fastpris på 50 øre/kWh. Ordninga gjeld frå hausten 2025 og skal gje kundane meir føreseielege straumkostnadar.
Stortinget har vedteke å innføra Norgespris, ei ny, statleg ordning som skal gje hushaldningar og hytteeigarar ein fast pris på kraft. Ordninga trer i kraft frå 1. oktober 2025.
Kva er Norgespris?
Med Norgespris får du ein fast kraftpris på 50 øre/kWh (inkl. mva) heile året, time for time, uavhengig av marknadsprisen.
Dette gjeld:
Forbruk opptil 5 000 kWh per månad i bustad
Forbruk opptil 1 000 kWh per månad i fritidsbustad
Forbruk over desse grensene blir fakturert til vanleg spotpris
Binding og varigheit:
Du kan bestilla Norgespris frå 15. september 2025
Avtalen gjeld frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026
Du binder deg ut kalenderåret
Det er 14 dagars angrerett
Prisen skal justerast ein gong i året
Du treng ikkje byta kraftleverandør
Norgespris blir administrert av nettselskapa, og fungerer parallelt med kraftavtalen du allereie har.
Elhub, som er kraftbransjens eige datahub, utviklar ei digital bestillingsløysing slik at du kan bestille Norgespris ved å logge deg inn på Min Side i Elhub. Den digitale bestillingsløysinga for Norgespris vil vere tilgjengelig frå slutten av september.
Hjå Årdal Kraftlag får du både kraft og nettleige på same faktura (gjennomfakturering). Det betyr at eventuell støtte frå staten blir trekt automatisk, og du slepp å tenkje på refusjon eller dobbelbetaling.
Me held deg oppdatert
Årdal Kraftlag vil gje deg oppdatert informasjon etter kvart som detaljane kjem på plass. Det kan framleis bli mindre endringar før oppstarten i oktober.