Årdal Kraftlag held fram som det rimelegaste valet i Årdal
Justerer prisen til 50 øre/kWh, inkludert mva for hushaldningar- og fritidskundar frå og med 01. mai 2025.
Visste du at Årdal Kraftlag var billegare enn spotmarknaden i vår prissone, og den rimelegaste kraftleverandøren i Årdal for 2024?
Kundar med eit årleg forbruk på rundt 30 000 kWh sparte over 2 800 kroner i 2024 samanlikna med spotpris, medan kundar med 16 000 kWh i forbruk sparte over 1 900 kroner. Dette viser at Årdal Kraftlag er det rimelegaste alternativet for kraftkundar i Årdal.
Etter fleire år med uvanleg høge kraftprisar ser ein no at marknaden har stabilisert seg, der 2024 har hatt eit meir normalt prisnivå samanlikna med dei føregåande åra.
– Me har som mål å levere konkurransedyktige kraftprisar til alle våre kundar, både privat og næring. Me ser at me lukkast med det, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Kraftlag.
Han forklarar at prisane på spotmarknaden svingar frå time til time, medan Årdal Kraftlag opererer med standard variabel pris.
– Så der me ser at spotprisen varierer i stor grad time for time, vil Årdal Kraftlag sin pris vere lik heile døgnet. Dette gjev fordelar med at kundane våre kan forbruke vår kraft utan å tenkje på overraskande høge timeprisar.
Kvifor er Årdal Kraftlag billegare?
Her ser du skilnadane på gjennomsnittsprisen månad for månad mellom spotpris og Årdal Kraftlag sin pris, med eit jamt forbruk time for time gjennom heile året.
Men gjennomsnittspris åleine seier ikkje alt, då straumstøtteordninga og forbruksmønsteret påverkar dei faktiske kostnadane. Difor må me sjå nærare på tala.
Eit viktig poeng er at regjeringa har vidareført straumstøtteordninga, der staten dekkjer 90 prosent av straumkostnadene over 91,25 øre/kWh (inkl. mva.).
Her ser du skilnadane på dei årlege kostnadane inkludert straumstøtte, elsertifikat og mva., med eit gjennomsnittleg normalforbruk.
Ein kunde med 32 000 kWh i forbruk har altså betalt 2 847 kroner mindre i Årdal Kraftlag enn om han hadde vore på spotpris i 2024.
Store variasjonar på forbruket gjennom året
Så er det rett å seia at i sommarmånadane var spotprisen lågare enn Årdal Kraftlag sin pris. Dette skjer typisk fordi kraftmagasina er fulle og produksjonen er høg. Likevel har ikkje dette veldig stor innverknad på dei totale kostnadane, fordi forbruket er lågast i denne perioden.
Tabellen viser at Årdal Kraftlag var billegare enn spotprisen i sju av tolv månadar, særleg i periodane der forbruket er høgast.
Grafen viser forbruket gjennom året. Her ser ein at forbruket er størst i vintermånadene, med høgaste forbruk i januar, februar, november og desember.
Når på døgnet er straumen dyrast?
Forbruksmønsteret for 2024 viser at kraftprisen på spot er dyrare på ettermiddag og tidleg kveld:
Kl. 16–20: Høgast pris
Kl. 00–04: Lågast pris
I dette dømet har ein kunde i Årdal Kraftlag med eit årleg forbruk på 32 MWh og standard variabel pris betalt totalt 3 169 kroner i tidsrommet kl. 16–20. Til samanlikning ville ein kunde med spotpris ha betalt 4 265 kroner for same forbruk. Grafen viser tydeleg når på døgnet spotprisen er høgast.
Ein viktig lagspelar
For oss er det også viktig å løfta fram at Årdal Kraftlag ikkje berre er ein kraftleverandør, men me er ein del av eit fellesskap. I 2024 har me delt ut over 1,2 million kroner til lokale lag, organisasjonar og kulturliv i bygda.
Kort oppsummert:
Årdal Kraftlag var igjen billegare enn spotmarknaden i 2024.
Ein kunde med forbruk på 30 000 kWh sparte over 2 800 kroner samanlikna med spotpris.
Standard variabel pris gjev meir føreseielege kostnader og mindre prissvingingar.
Årdal Kraftlag har delt ut 1,2 million kroner til lokale lag- og organisasjonar.
Følg med på ditt eige straumforbruk
Vil du sjå kor mykje straum du brukar? På Min Side får du full oversikt over forbruket ditt og tidlegare faktura. Her kan du enkelt sjå straumforbruket månad for månad, veke for veke, time for time eller samanlikne år for år.
Du kan òg eksportere all forbruksdata til Excel om du vil analysera tala nærare. Logg inn på Min Side for å få full kontroll over kraftutgiftene dine!
Tusen takk for at du vel Årdal Kraftlag som din kraftleverandør!