Her er det du treng å vita om straumstøtta

Frå 1. september innførte regjeringa ny straumstøtteordningar. (Foto: Morten Sortland)

På grunn av dei høge kraftprisane i spotmarknaden har regjeringa innført ei rekkje tiltak for å dekke noko av dei auka kraftprisane me har hatt dei siste åra. Her er alt du treng å vita.

Time for time

I september kom regjeringa med nye straumstøtteordningar. Ordninga som tidlegare tok utgangspunkt i gjennomsnittleg spotpris i ditt prisområde, vil no rekne ut straumstøtte basert på spotprisen, time for time.

Det vil seia at når prisen overstig 87,5 øre per kilowattime (inkl. mva.), så vil straumstøtta tre inn og staten dekkjer 90 prosent av straumprisen som overstig dette nivået.

Dei nye straumtiltaka gjeld alle private hushaldningar, men ikkje hytter og fritidsbustadar. Du vil framleis få støtte dersom du har fastpris hjå kraftleverandøren din, også om du har bunde prisen lågare enn 87,5 øre/kWt. Frå og med 1. januar 2024 vil terskelen på 70 øre/kWh bli endra til 73 øre/kWh.

Her kan du sjå kva spotprisen ligg på, time for time:

Fast variabel pris

I Årdal Kraftlag opererer me med standard variabel pris. Mykje tyder på at spotprisane framover kan bli liggjande på eit høgt nivå. Årdal Kraftlag har gjennom avtale med Årdal kommune tilgang på konsesjonskraft, men det totale kraftforbruket i privat og næring i Årdal er meir enn kva me har tilgang på. Me lyt difor kjøpa ein del kraft på spotmarknaden. Frå 1. desember 2023 er prisen vår 85 øre/kWh inkl. mva. for hushaldnings- og fritidskundar.

Sjølv om spotprisen ikkje vil treffa vår prismodell til ein kvar tid, så har me som mål å alltid tilby kraft til konkurransedyktige prisar til våre kundar. Det er satsane våre for 2022, då kraftprisane var rekordhøge, og so langt i 2023 eit prov på at me klarar.

Blir automatisk trekt

Årdal Kraftlag har avtale om gjennomfakturering med Straumnett AS. Det betyr at kundane i Årdal Kraftlag kun får éin faktura som inneheld både kraftforbruk og nettleige. Straumstøtta blir automatisk trekt frå på denne. For å forstå straumrekninga di betre, kan du lesa meir her.

Morten Sortland