– Det er ei glede å kunne gje tilbake til bygda

STOLT SPONSOR: Ved å velje Årdal Kraftlag som kraftleverandør, blir du ikkje berre kunde, men ein viktig del av fellesskapet. (Foto: Morten Sortland/IL Jotun/ÅTIL)

Årdal Kraftlag er stolte over å kunne melde at me har delt ut rekordstore summar til lokale lag, organisasjonar og kulturliv i bygda vår i løpet av 2023.

– Det er ei glede å kunne gje noko tilbake til bygda. Over éin million kroner har me delt ut for å gjera samfunnet vårt meir levande og pulserande, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Kraftlag.

For fellesskapet

Han minner om at ved å velje Årdal Kraftlag som kraftleverandør, blir du ikkje berre kunde, men ein viktig del av fellesskapet.

- Me leverer ikkje berre kraft, men ein lidenskap for å byggja opp det lokalsamfunnet me alle er ein del av.

Gjennom året har Årdal Kraftlag støtta opp om dei store arrangementa, men har også retta søkelyset mot dei små, livlege hendingane som utgjer kjerna av vårt samfunn.

- Dette er eit gledelig samfunnsansvar me tek. Ved å støtta ulike aktivitetar ønskjer me å visa at vår rolle strekkjer seg utover berre kraftlevering – me er ein aktiv medspelar i bygginga av eit inkluderande, trygt og berekraftig samfunn.

- Avgjerande for oss

Døme på sponsing i 2023 er Målrock-festivalen, kulturveka i Farnes kyrkje og 17. mai-komiteen.

- Det er for oss heilt avgjerande med gode støttespelarar som Årdal Kraftlag for at festivalen vår kan gjennomførast. Slik eg ser det er Målrock den største kulturhendinga i Årdal kvart einaste år, i alle fall det som samlar flest folk, og det er viktig at me greier å halda det gåande, seier festivalsjef Geir Kjetil Øvstetun.

Kraftlaget er dessutan fast inne på sponsorsida til IL Jotun, ÅTIL, Årdal FK og Farnes skyttarlag.

I tillegg har kraftlaget bidrege med midlar til ny pumptrackbane i regi av Årdal Grovsyklarlaug, nytt buldrerom til Årdal Klatreklubb og skilt- og stiryddingprosjekt via Årdal Turlag. Hugin Musikkforum, Farnes skulemusikk, Årdalstangen Musikklag og Øvre Årdal Janitsjarkorps har også fått støtte i løpet av året som har gått.

- Me har elles bidrege med midlar til nye vindauge i ungdomshuset på Farnes, nytt akustikkanlegg i Farnes kyrkje og fleire andre prosjekt. Samstundes deler me ut gåveartiklar til basarar og liknande, seier Jan Stian.

Hyllar frivilligheita

- Som stolte sponsorar av lokale arrangement og organisasjonar, hyllar Årdal Kraftlag frivilligheita som gjev lokalsamfunnet vårt sin unike karakter. Det er ikkje berre pengar me deler ut, men òg ei anerkjenning og ein takk til dei som legg ned ein fantastisk dugnadsinnsats.

Jan Stian er tydeleg på at Årdal Kraftlag skal halda fram som ein engasjert støttespelar for lokalsamfunnet i åra som kjem.

- Saman byggjer me eit samfunn som pulserer av glede, engasjement og samhald. I tillegg til vår sponsing, gjev morselskapet, Årdal Energi, eit betydeleg utbytte av overskotet til Årdal kommune. Dette utbyttet er med på å styrkja kommunen og skapar grunnlag for vidare utvikling, seier han.

Viktige bidrag

Årdal Kraftlag har delt ut sponsormidlar og gåver til følgjande lag og organisasjonar i 2023:

  • Årdal Turlag

  • Årdal E-sport

  • Årdal Fotballklubb

  • Årdal Grovsyklarlaug

  • Idrottslaget Jotun

  • Årdalstangen Idrettslag

  • Årdalstangen Musikklag

  • Tangen kjøre- og rideklubb

  • Øvre Årdal Sokneråd

  • Øvre Årdal Janitsjar

  • Stiftinga Målrock

  • Raudrussen

  • Hugin Musikkforum

  • Farnes skyttarlag

  • Farnes ungdomslag

  • Farnes skulemusikk

  • Teknologiveka

  • Berlin-tur 3STA

  • TV 2 (TV-serie)

  • Gåveartiklar til basarar og liknande

Morten Sortland