Slik forstår du straumrekninga di betre

Mange forstår ikkje så mykje av straumrekninga si. (Foto: Morten Sortland)

I energibransjen blir det ofte nytta ein del vanskelege ord og begrep. Dette kan gjera det vanskeleg for dei som ikkje har teknisk kunnskap å forstå alt. I denne artikkelen vil me hjelpa deg med å forstå straumrekninga di.

Forskjell på kraft og nett

Først må me forklare skilnaden mellom eit nettselskap og eit kraftselskap:

  • Eit nettselskap eig og driftar overføringsnett for elektrisk energi. Du kan ikkje velja nettselskap sjølv, og dei blir strengt regulert av staten. Straumnett AS er Årdal kommune sitt nettselskap.

  • Kraftselskap er kraftprodusentar som eig kraftverk og produserer elektrisk kraft. Årdal Kraftlag AS forvaltar konsesjonskraft på vegner av Årdal kommune, men fordi det totale forbruket i privat og næring er større enn tilgangen på konsesjonskraft, lyt me også kjøpa kraft til spotpris på marknaden.

Vår faktura består av ein kraftdel og ein nettdel. Årdal Kraftlag har nemleg ein avtale om gjennomfakturering med Straumnett AS. Det betyr at kundane i Årdal Kraftlag kun får éin faktura som inneheld både kraftforbruk, nettleige og avgifter.

På side 1 av fakturaen finn du dine eigne opplysningar som namn, adresse og kontaktinformasjon.

På side 2 får du meir spesifikk informasjon om forbruket ditt. Lat oss sjå nærmare på desse detaljane og kva dei ulike uttrykka i fakturaen betyr:

Ord og uttrykk

  • Kraft er altså kraftforbruket (mengde) for den aktuelle perioden. Årdal Kraftlag tilbyr fast variabel pris og me følgjer med på marknaden. Målet er å heile tida levera kraft til konkurransedyktige prisar til alle våre kundar.

  • Energiledd er prisa etter kraftforbruk (mengde), men prisane vert sett etter kva tid på døgnet krafta vert nytta. Føremålet med den nye nettleigemodellen, som blei innført 1. juli 2022, er å redusere forbrukstoppane og i staden spre forbruket meir jamt gjennom døgnet.

  • Kapasitetsledd (tidlegare fastledd) er eit månadleg beløp basert på kor mykje effekt du brukar samtidig. Kapasitetsleddet vert rekna ut frå gjennomsnittet av dei tre timane med høgast forbruk i månaden, og dannar grunnlaget for kva kapasitetstrinn du hamnar i. Til dømes vil ein månadsmaks på 7 kW plassera deg i kapasitetstrinn 5-10.

  • Straumstønad viser kor mykje du får kompensert gjennom gjeldande støtteordning. Stønaden gjeld ikkje for hytter og fritidsbustadar. Les om regjeringas straumtiltak her.

Artikkelen held fram under biletet.

DØME: Ein faktura består av ein kraftdel og ein nettdel. Sjå forklaringar i biletet.

Få full oversikt

Du kan logge inn på min side i Årdal Kraftlag å få detaljert informasjon om ditt forbruk- og fakturahistorikk.

Dersom du ikkje allereie har registrert deg som brukar på min side, kan du gjere dette ved å registrere ny brukar. Då treng du kundenummer, pinkode og epost-adresse. Desse opplysningane står på fakturaen din.

Me håpar denne artikkelen vil hjelpa deg med å forstå straumrekninga di betre. Om du har spørsmål eller treng meir hjelp, er det berre å ta kontakt med oss.

Morten Sortland