Årdal Kraftlag er ein del av Årdal Energi-familien som held til i dette huset.
Frå 1. januar 2027 avviklar Årdal Kraftlag standard variabel pris for næringskundar. Verksemdene kan då velje mellom spotpris og ein ny fastpris.
Bestillinga av fastpris opnar i midten av desember.
– Dette er eit strategisk val me har diskutert lenge. Standard variabel pris følgjer marknaden, men me kan justere prisen med 30 dagars varsel. Erfaringane med Norgespris har vist oss kor mykje det betyr for kundane å ha ein føreseieleg pris og å kunne velje sjølv. Det har gjeve oss grunnlag for å lage ein betre avtale også for næringslivet, med større valfridom. No gjev me næringslivet det same valet. Verksemder som treng å vite kva straumen kostar, kan velje fastpris. Dei som heller vil følgje marknaden, kan velje spotpris, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Kraftlag.
Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Kraftlag.
Frå 1. januar blir alle næringskundar automatisk flytta over til Spot Næring. Der følgjer prisen marknaden time for time.
Verksemder som heller vil ha føreseielege kostnader, kan bestille Fastpris næring til 50 øre/kWh. Etter det går kundane over til Spot Næring, med mindre dei har inngått ein ny avtale.
Begge avtalane har eit påslag på 1 øre/kWh til elsertifikat.
– Det er viktig for oss å leggje til rette for næringslivet i Årdal, og å kunne tilby gode vilkår til både eksisterande og nye næringskundar. No får verksemdene større valfridom, og dei kan velje ein føreseieleg avtale med fast straumpris. Me skal gje god informasjon undervegs og sørgje for at alle opplever overgangen som enkel, seier Smedegård.