Har Norgespris lønt seg?
Svaret er ja, klart og tydeleg. Faktisk kvar einaste månad i vår prissone.
Sidan 1. oktober 2025 har husstandar og hytteeigarar kunna velje Norgespris, ein fast kraftpris på 50 øre/kWh (inkl. mva.). Dei som aktivt ikkje har bestilt Norgespris, får automatisk vanleg spotpris med straumstøtte i staden.
Den fungerer slik:
Staten dekkjer 90 % av straumprisen i alle timar der spotprisen går over ei fastsett grense.
Grensa var 93,75 øre/kWh (inkl. mva.) frå oktober til desember 2025, og blei justert opp til 96,25 øre/kWh frå 1. januar 2026.
Under grensa får du ingen støtte, du betalar rein spotpris.
Støtta blir rekna time for time, ikkje som eit månadssnitt. Det betyr at dei kalde vintertimane med skyhøg pris blir dempa mykje, men timane med moderat pris (som likevel kan ligge over 50 øre) blir ikkje dempa i det heile.
Norgespris, derimot, gjev deg same pris i alle timar, heile året, 50 øre/kWh, uansett om spotprisen er 10 øre eller 3 kroner.
Månad for månad i NO5
Grafen under viser månadsprisar i prissone NO5 frå oktober 2025 til og med juli 2026:
Tala for «spotpris etter straumstøtte» er eit forenkla overslag basert på månadssnitt og støttegrensa. Den faktiske, time-for-time-baserte utrekninga viser at Norgespris kom endå bedre ut enn dette overslaget. I januar, februar og mars 2026 var Norgespris billigst i praktisk talt alle timar, ikkje berre i snitt.
Konklusjonen er uansett at ein i alle ti månadene sidan starten har Norgespris vore det billigste alternativet for kundane i NO5.
Kva med framover?
Det er vanskeleg å spå strømprisane fram i tid. Juli endte likevel med ein spotpris etter straumstøtte på 101 øre/kWh, langt over Norgespris-nivået, sjølv i det som skulle vore ein rimelegare sommarmånad.
Marknaden venta ved inngangen av juni ein snittpris på rundt 86 øre/kWh for august. Det er derfor ingenting som tyder på at bilete endrar seg med det aller første.
Norgespris-avtalen går ut ved utgangen av 2026, og prisen på 50 øre/kWh ligg fast heile denne perioden. Du må aktivt bestille Norgespris på nytt dersom du ønskjer å halda fram med ordninga frå 1. januar 2027.
Den nye Norgesprisen for 2027 blir offentleggjort i samband med statsbudsjettet for 2027, som blir lagt fram til hausten.
Kjelder: Strømpris.no, og reglane for statens strømstøtteordning.