Slik leser du straumrekninga di
I denne saka prøver me å forklara korleis straumfakturaen din bygd opp.
Mange tykkjer straumfakturaen kan vera vanskeleg å forstå. Kva er eigentleg kraft, kva er nett, og kvar finn du informasjon om Norgespris?
Frå 1. oktober 2025 vart alle kundane i Årdal Kraftlag flytta over til spotprisavtale, slik at du kan velja Norgespris. Det førte til nytt fakturasystem. Her forklarer me steg for steg korleis fakturaen er bygd opp, og korleis du kan forstå beløpet du skal betala.
Gjennomfakturering
Straumfakturaen din består av ein kraftdel, det du betalar for sjølve straumen, og ein nettdel, det du betalar for å få straumen frakta heim til deg, inkludert avgifter.
Nettselskapet Straumnett har avtale om gjennomfakturering med Årdal Kraftlag. Det betyr at kundane berre får éin samla faktura, der både kraftforbruk, nettleige og avgifter er inkludert.
Øvst på første side finn du beløp å betale, fordeling mellom kraftdel og nettdel, samt ein forbruksgraf som viser straumforbruket ditt månad for månad
Dette gir deg rask oversikt over både kostnad og utvikling i forbruket ditt.
På side 2 finn du informasjon om anlegget ditt og detaljane som forklarer korleis beløpet er rekna ut.
Kraftdelen
Her får du oversikt over:
Straumforbruket ditt (kWh) i perioden
Gjennomsnittspris per kWh for straumen du har brukt i løpet av fakturaperioden. Dette er eit vekta gjennomsnitt av timeprisane du faktisk har forbrukt, og er meint for å gje ein forståelig totalpris.
Beløpet du blir fakturert for kraftforbruket
Årdal Kraftlag har ikkje månadsbeløp eller andre påslag enn lovpålagde kostnader for elsertifikat.
Nettdelen
Nettdelen består av fleire element:
· Energiledd (dag og natt)
Energileddet er basert på kor mykje straum du brukar, men prisen varierer etter tid på døgnet (dag og natt).
· Kapasitetsledd
Kapasitetsleddet er eit fast månadsbeløp basert på kor mykje straum du brukar samstundes. Dette blir rekna ut frå gjennomsnittet av dei tre timane med høgast forbruk i månaden, og avgjer kva kapasitetstrinn du hamnar i.
Forbruksavgift og Enova energi
Dette er statlege avgifter og står oppført to gonger (dag og natt), på same måte som energileddet.
Fleire har lurt på korleis ein finner Norgespris på fakturaen sin.
Har eg Norgespris?
Enkelte som har bestilt Norgespris lurer på om dei faktisk har ordninga, fordi det står Spotpris privat under kraftdelen på fakturaen.
Forklaringa er at Norgespris blir handtert av nettselskapet, ikkje straumleverandøren. For å sjå om du har Norgespris, må du difor sjå under nettleigedelen på fakturaen. Der skal det stå Norgespris husholdning. Ordninga blir vist som ei justering, anten som fråtrekk (når spotpris > 50 øre/kWh) eller tillegg (når spotpris < 50 øre/kWh).
Få full oversikt på min side
Me rår deg til å logge inn på min side for å halda deg oppdatert på forbruk, faktura og avtaleinformasjon. Her inne vil du få svar på det meste av det du måtte lure på. Den som straumavtalen er registrert på kan enkelt logga inn via mobil eller BankID.
På min side kan du mellom anna:
Sjå fakturaforklaring
Sjå fakturaoversikt
Sjå forbruksoversikt
Sjå kostnadsoversikt
Sjå produktoversikt
Melde flytting