– Det løner seg å vera kunde hjå oss

Årdalstangen lyser opp i mørketida. (Foto: Jan Ove Skjerping)

Kraftprisane i Noreg har vore uvanleg høge dei siste tre åra, men kundane i Årdal Kraftlag kjem godt ut av det.

– Me har ei målsetting om å levera konkurransedyktige kraftprisar til alle våre kundar, både privat og næring. Det ser me at me klarar, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Kraftlag.

Gjennomsnittsstatistikken for privatkundar i 2023 viser at me ligg 10 øre per kilowattime under spotmarknaden i vårt prisområde.

Sjå tabell under:

Ser du på prisforskjellane i gjennomsnitt for dei siste tre åra, er forskjellane endå større:

  • 2021 låg me 45 øre/kWh under spotpris.

  • 2022 låg me 171 øre/kWh under spotpris.

  • 2023 låg me 10 øre/kWh under spotpris.

- Statistikkane stadfestar at me er den rimelegaste kraftleverandøren i Årdal, og at det løner seg å vera kunde hjå oss, seier Jan Stian.

Konsesjonskraft

I Årdal Kraftlag kjøper og forvaltar me konsesjonskraft på vegner av Årdal kommune, men det totale kraftforbruket i privat og næring i Årdal er meir enn kva me har tilgang på.

– Det betyr at me må kjøpa ein del kraft på spot, og me lyt soleis justere vår kraftpris i takt med endringar i marknaden.

Når ein studerer prisstatistikkane for 2023 ser ein at krafta var billigare i spotmarknaden i juli, august og september som følgje av mykje regn, fulle vassmagasin og høg produksjon. Spesielt billig var det i september månad då spotprisen snitta på 1,39 øre/kWh.

– Men dette er også månadar der kraftforbruket hjå kundane er lågare.

I oktober steig spotprisane til 53,36 øre/kWh. Denne summen blei igjen dobla, og vel så det, i november. Til samanlikning hadde Årdal Kraftlag i denne perioden ein pris på 39 øre/kWh.

– Kraftprisane på spotmarknaden varierer heile tida fordi den følgjer marknaden der det blir kjøpt og selt energi kvar dag. Prisen vert påverka av tilbod og etterspurnad. Så langt i januar har me sett prisar opp mot 7,50 kroner per kilowatt-time. I Årdal Kraftlag opererer me med standard variabel pris, og kundane våre blir varsla om prisauke ein månad i forkant. Slik sett er me stabile og kunden unngår store prisoverraskingar, forklarar Smedegård.

Straumstøtteordning

For å handtere dei høge kraftprisane, har regjeringa innført støtteordningar. I dag reknar ein ut straumstøtte basert på spotprisen, time for time. Når prisen overstig 91,25 øre per kilowattime (inkl. mva.), så vil straumstøtta tre inn og staten dekkjer 90 prosent over dette nivået.

Straumstøtta gjeld alle private hushaldningar, men ikkje hytter og fritidsbustadar. Du vil framleis få støtte dersom du har fastpris hjå kraftleverandøren din, også om du har bunde prisen lågare enn 91,25 øre/kwh.

Her kan du lesa meir om straumstøtteordninga.

Gjev tilbake til lokalsamfunnet

Jan Stian minner om at ved å velje Årdal Kraftlag som din kraftleverandør, blir du ikkje berre kunde, men ein viktig del av fellesskapet.

– Me leverer ikkje berre kraft, men ein lidenskap for å byggja opp det lokalsamfunnet me alle er ein del av.

Berre i 2023 delte Årdal Kraftlag ut over éin million kroner til lokale lag, organisasjonar og kulturliv i bygda vår.

Les meir om vår sponsing her.

Takk for at du vel Årdal Kraftlag som din kraftleverandør!

Morten Sortland